Diabetes 2

STATUS FOR BEHANDLING I HELSE I HARDANGER

Behandlingstilbodet vårt er ein del av Prosjekt Utvikling av Smarte Helseløysingar (PUSH-prosjektet), som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse i Hardanger og Helse Bergen. Prosjektet er no i ein fase der me oppsummerer erfaringar og resultat av rehabiliteringa, med håp om å kunna vidareføre dette verksame tilbodet neste år. Alle våre rehabiliteringsgrupper for 2022 er fylt opp. Det er førebels ikkje avklart korleis me kan ta dette rehabiliteringstilbodet vidare i 2023. Me tek ikkje imot fleire henvisningar før dette er avklart. Heimesida vil bli oppdatert så snart me veit noko meir om dette.

Tilbodet rettar seg mot deg med diabetes type 2, og som har diabetesrelaterte utfordringar. Dette kan vera utfordringar som: 

  • uheldig blodsukkerregulering
  • utfordringar knytta til søvn, kost eller fysisk aktivitet 
  • redusert fungering i dagleglivet 
  • utfordringar med medisin 
  • diabetiske seinkomplikasjonar
  • overvekt 

Måla med tilbodet: 

  • betra funksjon i kvardagen 
  • betra helse 
  • betre kontroll på eigen sjukdom 
  • førebygge komplikasjonar 
  • optimalisere medisinbruk 
  • auka fysisk aktivitet 
  • optimalisere kosthald 
  • leve betre med helseplagene 

For å delta er det viktig at du ynskjer å setja av tid til å arbeida saman med oss om å betra di eige helse og kvardag. Opphaldet strekkjer seg over 4 dagar i Øystese i Hardanger, og me føl deltakarane i 1 år etterpå via Helse i Hardanger sin eigen app. I denne perioden jobbar du med dei mål du sjølv har definert.  

Det er sentralt at du har tilgang til internett og kan bruka smarttelefon. Dette for at du skal kunne delta og gjennomføre oppgåver som blant anna å setja mål, loggføre aktivitetar, svare på spørjeskjema og å følgje undervisningar via Helse i Hardanger appen.   

Henvisning:

For å delta treng du henvisning frå fastlegen din eller spesialist. For meir informasjon om henvisning og kva som skal inngå i den, sjå her.

Henvisningar skal sendast elektronisk til:  SO Hau MED DM HiHardanger Henvisning 

Eventuelt: Postadresse: Haukeland universitetssjukehus, Medisinsk klinikk, Diabetes HiHardanger, Postboks 1400, 5021 Bergen 

Me håpar å sjå deg i Øystese for ein betre kvardag med din diabetes!