Historia til Helse i Hardanger

Grunngjeving for etablering av HiH

På grunn av store endringar i alderssamansetnad i befolkninga (demografi), endringar i sjukdomsbilete og behandlingsmoglegheiter (epidemiologi), vil tal av pasientar med kronisk sjukdom auka betydeleg i åra som kjem. Dette gjeld pasientar med diabetes type 2, KOLS, nevrologiske sjukdommar, kreftsjukdom og demens osb. I tillegg kjem eit stadig aukande tal yngre pasientar med psykiske lidingar; angst og depresjon, og muskel og skjelett-lidingar. Fleire av desse endar opp uføre.

Dette betyr i praksis at dagens måte å tilby helsetenester på, forvaltning og innretning, ikkje er berekraftig i framtida. Me må få til ei endring mot ei meir førebyggjande tenking, behandling basert på motivasjon og mobilisering av pasienten sine eigne ressursar, og oppfølging ved hjelp av moderne teknologi (IKT-hjelpemiddel). Dette vil kunna vera ressursbesparande, avlastande og komplementært til den etablerte helsetenesta. I tillegg vil det i fleire tilfelle også påverke pasientene si arbeidsevne positivt, og vil med det kunna redusera behovet for ytingar frå samfunnet.

Gerd Kvale

Les meir om Gerd Kvale

Modellval for behandlingstilboda

I 2018 tok styreleiar Stener Kvinnsland kontakt med professor og psykologspesilist Gerd Kvale som heile karrieren sin har vore oppteken av å utvikla og gjera tilgjengeleg god behandling for pasientar med ulike psykiske lidingar. Ho er særlig kjend for utviklinga av 4-dagers behandling for pasientar med tvangsliding (OCD), der Time Magazine i 2019 vurderte ho som ei av dei 50 mest innflytelsesrike i verda innan helse. Kvale tok utfordinga og har no utvikla det som er berebjelken i Helse i Hardanger, nemlig ei tverrfaglig, konsentrert gruppebehandling. Mens utgreiing og innhald sjølvsagt er tilpassa dei ulike lidingane, er tenkinga bak og strukturen for behandlinga den same. Så langt tyder resultata på at dette har vore eit svært vellykka grep som nok vil kunna ha betyding for ei rekke ulike lidingar/ helseplager.

Bli betre kjent med Gerd Kvale i denne podcasten

Starten

Frå 2012 vart det arbeida med planane for eit Hardangerbad som skulle innehalde noko meir enn eit badeanlegg. Korleis kunne det i dette bygget med sine moglegheiter, og med eit hotell som næraste nabo, kunne utviklast nye helsetenester? Desse diskusjonane gjekk også i Kvam herad som skulle inn som medeigar i anlegget.

I mai 2014, basert på vedtak i Kvam herad 19. mai 2014, vart det nedsett et utval. Dette vart leia av Alfred Halstensen og skulle utreie kva helsetenester som ville væra naturlege å tilby i det framtidige Hardangerbadet. Utvalet leverte rapporten sin 15. desember 2014. Diskusjonen held fram, men endelege planar kunne fyrst verta lagde då Hardangerbadet var fullfinansiert, ved årsskiftet 2017/2018.

Våren 2018 vart planar lagde for framtidige nye helsetenester i Hardangerbadet.

Helse i Hardanger vart stifta 27. mai 2018, leia av eit styre. Organisasjonsforma vart beslutta å vera eit «not for profit» aksjeselskap. Reidun Braut Kjosås vart tilsett som fyrste dagleg leiar 1. september. HiH vart registrert i Brønnøyregistrene 26. september 2018.

Organisasjon

Helse i Hardanger er organisert som eit «Not for profit» aksjeselskap. Det betyr at all gevinst skal gå til utvikling av tilboda, og ikkje tilbake til dei som eig foretaket. Helse i Hardangr er eigd av folk som ynskjer å utvikle helsetenesta, og som har tru på konseptet. Dette er rundt 25 personar med ulik helsefagleg bakgrunn. Mange har tilknyting til lokalsamfunnet. Selskapet er registrert i Brønnøysundregisteret. Styreleiar er Stener Kvinnsland.