Om prosjektet

Det skal virka

Helse i Hardanger har som mål å hjelpa den einskilde til å hanskast med helseplagene på ein ny måte. Prosjektet er eit samarbeid med Helse Bergen. Du kan bli søkt inn til vurdering via fastlegen din eller spesialistar i Helse Bergen.

Tilbodet i prosjekt “utvikling av smarte helseløysingar” er basert på kunnskap om dokumentert verksam behandling. Det nye ligg i måten me tek i bruk og set saman kunnskapen på. Alt me gjer er ramma inn av tanken: «Det skal virka».

 

Kvalitetssikring og forsking

Det faglege konseptet er vurdert og godkjent av Helse Bergen. For at konseptet skal kunne bli ein del av det ordinære helsetilbodet, må me kunna svare på følgjande:

  • Treff tilbodet pasientgruppene, i den forstand at dei takkar ja?
  • Gjennomfører pasientane behandlinga?
  • Syns pasientane at behandlinga var nyttig?
  • Gjev behandlinga helsegevinst?

Deltakarar må difor vera villige til å la oss oppsummera resultata frå behandlinga. Prosjektet er godkjent av regional etisk forskingskomite.

 

Hovudelement ved  opphaldet i HiH

Heilskap og Helse

Legespesialistar og psykologspesialistar har det overordna faglege ansvaret for heilskapen i behandlinga både i grupper og individuelt.

FYSISK AKTIVITET

 HiH har fysioterapeutar og tilhøve som legg til rette for ulike former for fysisk aktivitet. (Basseng, treningsrom, treningssal, uteareal etc.) Fysisk aktivitet blir tema i gruppesamtalar, og det vil vera trening i grupper og individuelt.  

ERNÆRING

Kliniske ernæringsfysiologar jobbar tett med dei andre faggurppene for å legge til rette for nye erfaringar. Ikkje minst er dette viktig for pasientar med Diabetes 2. Kjøkkenet har universell utforming og er ein god læringsarena

FARMASI

Rett bruk av medisin er svært viktig for å få utbytte av behandlinga og unngå unødvendige biverknader eller bekymringar. Farmasøyten vår gjennomfører ei samanstilling av medisinbruken din og tilbyr opplæring i grupper og individuelt, samt praktiske tiltak under opphaldet når behov for dette vert avdekka.    

Heilskap og Helse

Legespesialistar og psykologspesialistar har det overordna faglege ansvaret for heilskapen i behandlinga både i grupper og individuelt.

Video

Fysisk aktivitet

 HiH har fysioterapeutar og tilhøve som legg til rette for ulike former for fysisk aktivitet. (Basseng, treningsrom, treningssal, uteareal etc.) Fysisk aktivitet blir tema i gruppesamtalar, og det vil vera trening i grupper og individuelt.

Video

Ernæring

Kliniske ernæringsfysiologar vil ha samlingar i grupper. Undervisningskjøkkenet vårt, som har universell utforming, er ein god arena for læring

Video

Farmasi

Rett bruk av medisin er svært viktig for å unngå unødvendige biverknader og å få utbyte av behandlinga. Farmasøyten vår gjennomfører analyse av medisinbruken din og tilbyr legemiddelsamtale, opplæring i grupper og individuelt og praktiske tiltak under opphaldet ved behov.  

Video