Praktisk informasjon

Lifebuoy covered in snow

Sett av tida!

Det er lagt opp til at pasientane om ettermiddag og kveld jobbar med ulike oppgåver som er relevante for å få nye erfaringar med korleis ein kan handskas med helseproblema på ein ny måte. Det er difor viktig at pasienten ryddar plass i kalenderen den vesle veka opphaldet i HiH varer. Det er nødvendig å vere der alle dagene og ikkje ha andre avtalar på ettermiddag eller kveldstid.

Pasientar vil få tilsendt pakkeliste når dei har fått plass. 

HiH er lokalisert i 3. etasje det nye bygget Hardangerbadet som ligg midt i Øystese sentrum. Hardangerbadet og Hardangerfjord hotell er fysisk knytte saman. Du sjekkar inn på hotellet og får eit eige rom. Helse i Hardanger syter for bestillinga av rommet. Alle måltid som ikkje er i HiH, blir serverte i matsalen på hotellet. HER er lenkje til hotellet si nettside. Rett over vegen ligg to små kjøpesenter med daglegvarebutikkar og andre butikkar. 

Lifebuoy covered in snow

Behandling i Helse i Hardanger kan gi rett til reisestønad.

Les meir på Pasientreiser sine nettsider.

Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylte, oppmodar me deg til å ta det opp med oss så snart som mogleg. Du har også moglelegheit til å klaga, meir informasjon om klage finn du på Helse Bergen si side