Det skal virka - det skal vara!
Viktig informasjon
Helse Vest utlyste i mars 2023 anbodskonkurranse for leveranse av rehabiliteringstenester, med oppstart frå 01.01.24. Helse i Hardanger har levert tilbod på ulilke delytingar. Helse Vest er noko forsinka i handsaminga av konkurransen. Så snart dei har tatt ei avgjerd, vil Helse i Hardanger oppdatera nettsidene våre.
All behandling i 3 fasar

FØREBUINGSFASEN
Poliklinisk utredning og kartlegging av helseplagene

ENDRINGSFASEN
3-4 påfølgjande dagers opphald i Øystese. Tverrfagleg behandling i gruppe på opptil 10 personar

VEDLIKEHALDSFASEN
Få endringa til å vara
Nyhende i HiH
Prosjekt Utvikling av Smarte Helseløysingar (PUSH)
Helse i Hardanger går nye vegar: Velkjent og kunnskapsbasert behandling er sett saman i eit nytt og konsentrert format. I løpet av en lita veke får pasientar med kroniske helseplager hjelp som gjer dei i stand til å hanskast med helseplagene på ein ny måte. Push-prosjektet er et samarbeid med Helse Bergen. Me kvalitetssikrar og oppsummerer behandlinga, og erfaringene så langt viser at tilnærminga virkar og resultata varer. Både behandling og opphald blir dekka av det offentlege.

Hovudelement ved opphaldet i HiH

Heilskap og Helse
Legespesialistar og psykologspesialistar har det overordna faglege ansvaret for heilskapen i behandlinga både i grupper og individuelt.

FYSISK AKTIVITET
HiH har fysioterapeutar og tilhøve som legg til rette for ulike former for fysisk aktivitet. (Basseng, treningsrom, treningssal, uteareal etc.) Fysisk aktivitet blir tema i gruppesamtalar, og det vil vera trening i grupper og individuelt.

ERNÆRING
Kliniske ernæringsfysiologar vil ha samlingar i grupper. Undervisningskjøkkenet vårt, som har universell utforming, er ein god arena for læring

FARMASI
Rett bruk av medisin er svært viktig for å få utbytte av behandlinga og unngå unødvendige biverknader eller bekymringar. Farmasøyten vår gjennomfører ei samanstilling av medisinbruken din og tilbyr opplæring i grupper og individuelt, samt praktiske tiltak under opphaldet når behov for dette vert avdekka.

Heilskap og Helse
Legespesialistar og psykologspesialistar har det overordna faglege ansvaret for heilskapen i behandlinga både i grupper og individuelt.

Fysisk aktivitet
HiH har fysioterapeutar og tilhøve som legg til rette for ulike former for fysisk aktivitet. (Basseng, treningsrom, treningssal, uteareal etc.) Fysisk aktivitet blir tema i gruppesamtalar, og det vil vera trening i grupper og individuelt.

Ernæring
Kliniske ernæringsfysiologar vil ha samlingar i grupper. Undervisningskjøkkenet vårt, som har universell utforming, er ein god arena for læring

Farmasi
Rett bruk av medisin er svært viktig for å unngå unødvendige biverknader og å få utbyte av behandlinga. Farmasøyten vår gjennomfører analyse av medisinbruken din og tilbyr legemiddelsamtale, opplæring i grupper og individuelt og praktiske tiltak under opphaldet ved behov.
Intensjonsavtalar
Samarbeidsavtalar


Brukar- og paraplyorganisasjonar



Sponsorar

Partnerskap
