Kols

 

Tilbodet rettar seg mot deg med kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols).For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. 

Måla med tilbodet:

  • betra funksjon i kvardagen
  • auka fysisk aktivitet
  • betra helse
  • auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
  • betre kontroll på eigen sjukdom
  • optimalisere medisinbruk
  • optimalisere kosthald
  • leve betre med helseplagene

Søknad:
Om du tenker dette er noko for deg, må du vende deg til legespesialist eller fastlegen din. Dei kan søkje om opphald via henvisningskjemaet vårt.

Henvisninga sendast elektronisk til: SO Hau Lunge KOLS HiH Henvisninger

Eventuelt pr post til: Haukeland universitetssjukehus, Lungeavdelinga, Kols-Helse i Hardanger, postboks 140, 5021 Bergen