Behandlingstilbod

Viktig informasjon

Helse Vest utlyste i mars 2023 anbodskonkurranse for leveranse av rehabiliteringstenester, med oppstart frå 01.01.24.  Helse i Hardanger har levert tilbod på ulilke delytingar. Helse Vest er noko forsinka i handsaminga av konkurransen.  Så snart dei har teke ei avgjerd, vil Helse i Hardanger oppdatere nettsidene våre.

For tida har Helse i Hardanger kun behandlingstilbod knytt til prosjekt i Forskingseininga vår.

All behandling i 3 fasar

FØREBUINGSFASEN

Poliklinisk utredning og kartlegging av helseplagene

ENDRINGSFASEN

3-4 påfølgjande dagers opphald i Øystese. Tverrfagleg behandling i gruppe på opptil 10 personar

VEDLIKEHALDSFASEN

Få endringa til å vara

Hovudelement ved  opphaldet i HiH

Heilskap og Helse

Legespesialistar og psykologspesialistar har det overordna faglege ansvaret for heilskapen i behandlinga både i grupper og individuelt.

FYSISK AKTIVITET

 HiH har fysioterapeutar og tilhøve som legg til rette for ulike former for fysisk aktivitet. (Basseng, treningsrom, treningssal, uteareal etc.) Fysisk aktivitet blir tema i gruppesamtalar, og det vil vera trening i grupper og individuelt.  

ERNÆRING

Kliniske ernæringsfysiologar vil ha samlingar i grupper. Undervisningskjøkkenet vårt, som har universell utforming, er ein god arena for læring

FARMASI

Rett bruk av medisin er svært viktig for å få utbytte av behandlinga og unngå unødvendige biverknader eller bekymringar. Farmasøyten vår gjennomfører ei samanstilling av medisinbruken din og tilbyr opplæring i grupper og individuelt, samt praktiske tiltak under opphaldet når behov for dette vert avdekka.  

Heilskap og Helse

Legespesialistar og psykologspesialistar har det overordna faglege ansvaret for heilskapen i behandlinga både i grupper og individuelt.

Video

Fysisk aktivitet

 HiH har fysioterapeutar og tilhøve som legg til rette for ulike former for fysisk aktivitet. (Basseng, treningsrom, treningssal, uteareal etc.) Fysisk aktivitet blir tema i gruppesamtalar, og det vil vera trening i grupper og individuelt.

Video

Ernæring

Kliniske ernæringsfysiologar vil ha samlingar i grupper. Undervisningskjøkkenet vårt, som har universell utforming, er ein god arena for læring

Video

Farmasi

Rett bruk av medisin er svært viktig for å unngå unødvendige biverknader og å få utbyte av behandlinga. Farmasøyten vår gjennomfører analyse av medisinbruken din og tilbyr legemiddelsamtale, opplæring i grupper og individuelt og praktiske tiltak under opphaldet ved behov.  

Video

Finn vår webapplikasjon!