Visjon og verdiar

Visjon

“enkle og verksame helsetenester”

Verdiar

Helse i Hardanger vil utvikla og setja saman helsetenester ved hjelp av kompetanse og smartteknologi som klarer å mobilisera pasientane sine eigne ressursar for å oppnå betre helse. Saman med pasientar med ynskje om og vilje til å aktivt bidra i behandlinga, skal me skapa betre liv. 

Etiske retningsliner for Helse i Hardanger

Retningslinene tar utgangspunkt i verdiane våre og i gjeldande lov- og regelverk. Dei gjeld for alt vertskap i HiH, det vil seie alle medarbeidarar – og midlertidig tilsette.

Hovudverdi: Berekraft

HiH skal fremja berekraft i vid forstand for pasienten, for fagfolka og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. For pasienten legg vi til rette for realistiske, varige endringar. Drifta av HiH skal fremja berekraft for fagfolka gjennom eit kunnskapsbasert og personleg gjevande arbeidsmiljø. Berekraft i eit samfunnsøkonomisk perspektiv inneber økonomisk lønsemd for HiH og ein ressursforløysande effekt for samfunnet.

1. I møtet med pasienten

  • Vertskapet i HiH skal møta alle pasientar og pårørande med respekt og ei framferd som speglar ei open haldning. Dette inneber blant anna å ha kunnskap om og evne til å gje informasjon som pasienten kan dra nytte av.

  • HiH ynskjer å mobilisere pasientane sine eigne ressursar for å oppnå betre funksjon og helse. Vertskapet i HiH skal bidra med støtte, fagleg kompetanse og oppmuntring undervegs i endringsprosessen.

 

2. Arbeidsmiljø

  • Alle tilsette i HiH har ansvar for å skapa eit godt samarbeidsklima til beste for tilsette og pasientar.  Heile organisasjonen har eit felles mål om eit trygt, utviklande og inkluderande fysisk og psykososialt miljø.
  • Mobbing eller trakassering av kollegaer skal ikkje skje. Alle tilsette pliktar å melde frå til leiar eller verneombod om kollegaer vert utsett for trakassering eller diskriminering.
  • All aktivitet i HiH sine lokale og med HiH sitt utstyr skal skje med fokus på tryggleik og etter gjeldande retningsliner.

3. Forsking

  • HiH skal alltid vere open for forsking, innovasjon og læring.

  • HiH følgjer retningslinene regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskningsetikk (REK) fastset.

4. Tryggleik

    • Alle knytt til HiH held seg fagleg oppdatert, følgjer faglege retningsliner lovpålagte krav, lokale prosedyrar og plikter.

    • Alle knytt til HiH er bevisste på etiske problemstillingar, både faglege problemstillingar og problemstillingar som gjeld menneskerettigheitar, arbeidslivsstandard, miljø og korrupsjon.

    • Alle tilsette har eit felles ansvar til ei kvar tid å vurdere si verksemd sett i lys av reglane. Me kjenner pliktene og rutinane ved avvik, og me skriv rapport når avvik oppstår.

    • Oppstår det tvil om ei handling er etisk forsvarleg, må vedkommande avstå frå handlinga eller ta spørsmålet opp med nærmaste leiar.

    • Teieplikta er ikkje til hinder for å melde frå om forsømming eller andre uhaldbare eller lovstridige forhold.

    • Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel i pasientretta arbeid ved HiH.