Lokala til HiH

Helse i Hardanger held til i 3. egt i Hardangerbadet, som ligg så og seie på stranda midt i vakre Øystese sentrum. Ein har utsikt til både fjord, fjell og fonn frå mange av romma. I tillegg til at du kan symja både i bassenget i Hardangerbadet og fjorden rett utanfor, er det mange mange fine turmogelegheiter i området. Lokala er utstyrte med topp moderne teknisk og medisinsk utstyr, samtidig som dei er innreia lunt og inspirerande og utsmykka med kunst. Me har treningsrom / konferansesal, opplæringskjøkken, fleire ulike undersøkingsrom, testlab, fleire grupperom, og ikkje minst ei hyggeleg stove der me håpar at du som gjest vil finna deg vel til rette i pausane ila dagen.