Ledig stilling

DAGLEG LEIAR I HELSE I HARDANGER

Fast stilling 

Me søkjer ein høgt utdanna person med erfaring frå og med motivasjon for utviklingsarbeid, nyskapingsarbeid og leiing av menneske. Kjennskap til helse- og utdanningssektoren, leiarerfaring samt personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på i tilsettinga. 

Dagleg leiar vil leia arbeidet med etablering av dei nye helsetenestene og vera ansvarleg for dagleg drift, inkludert avtaleoppfølging, økonomi og personalansvar for tilsette i HiH. Dagleg leiar rapporterer til styret i HiH, og vil vera sekretær for styret. 

Arbeidsoppgåver i Helse i Hardanger  

  • Førebu saker til styret, samt vera styret sin sekretær 
  • Økonomi-, personal- og budsjettansvar 
  • Utvikla selskapet i tråd med styrevedtak 
  • Ansvar for kontakt med samarbeidspartnarar 
  • Sørgja for god og målretta kommunikasjon og samhandling 
  • Ansvar for forvaltning av selskapet sine menneskelege og materielle ressursar 

    Krav til søkjar 

    • Høgare utdanning 
    • Motivasjon for utviklingsarbeid og nyskapande arbeid 
    • Leiareigenskapar 
    • Personleg egna som leiar 
    • Samarbeidseigenskapar 


    I tillegg er det ønskjeleg med følgjande kvalifikasjonar: 

    • Erfaring frå leiing, økonomi og personalansvar 
    • Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing 
    • Kjennskap til helsetenester og helsesektoren 
    • Leiarerfaring 
    • Eksisterande og relevant nettverk 
    • Ansvarsfull og evne til å arbeide sjølvstendig 
    • Evne til planleggja og setja i verk 
    • Løysningsorientert og praktisk 


     Andre forhold som spelar positivt inn 

    • Tilknyting til Hardanger 
    • Bustad i Hardanger 

    Me tilbyr 

    • Leiar for eit høgt fagleg kompetansemiljø innan helse 
    • Engasjert og utviklingsorientert fagfolk 
    • Løn etter avtale 

      Søknadsfrist: 20.04.2022 

      Oppstart etter avtale. 

      Søknad sendast til post@helseihardanger.no 

      Kontaktperson: Styreleiar i HiH, Stener Kvinnsland, tlf: 958 90 514 

      Om Helse i Hardanger 

      Helse i Hardanger (HiH) er eit non-for-profit aksjeselskap, som er gjennomsyra av ei enkel tenking. Skal vi lukkast med å nå dei store pasientgruppene, må vi som helseteneste klara å mobilisera pasienten sine eigne ressurser for å oppnå betre helse. Innan ramma av eit tverrfagleg, konsentrert gruppetilbod legg HiH til rette for at pasientar med kroniske helseplager skal få høgkompetent hjelp til å formulera skreddersydde behandlingsmål, der dei tar del i sitt eige helse-endringsprosjekt i alle steg. Behandlinga er førebels knytt til ryggsmerter, kols, psykiske helseplager, post covid-19 og diabetes type 2. Vi skal no i gang med kols-behandling. Behandlingsformatet kan utvidast til ei rekke andre kroniske lidingar. 

      Saman med Helse Bergen HF, har me “prosjekt utvikling av smartare helseløysingar”, som i fyrste omgang strekk seg frå 2020 og ut 2022. All behandling er beskriven og vert kontinuerleg oppsummert, evaluert og justert for kvalitetssikring. HiH har samarbeid med mange store aktørar som kommunar, høgskule og universitet. 

      Målet med den tverrfaglege rehabiliteringa  er å auke pasienten sitt funksjonsnivå. I løpet av 3-4 dagar i  Øystese testar pasienten ut nye måtar å hanskast med helseplagene. Behandlinga vert leia av eit tverrfagleg team som alle understøttar den enkelte sitt endringsprosjekt. Fysisk aktivitet og trening er ein viktig del av behandlinga, og dei som har behov for undervisning med farmasøyt og praktisk undervisning med klinisk ernæringsfysiolog vil få dette. Tilbodet er gruppebasert med inntil ti pasientar i kvar gruppe. Før oppstart av den konsentrerte behandlinga, går pasientane gjennom ein grundig individuell utgreiing og førebuing. Deltakarane vert fylgt opp i eitt år. Alle fasar av behandlinga vert understøtta av ein webapp som er utvikla av Helse i Hardanger saman med Youwell. 

      HiH er godt i gang med behandlingsopphald og om lag 250 pasientar har til no deltatt i Øystese.