Angst og depresjon

o

STATUS FOR BEHANDLING I HELSE I HARDANGER

Behandlingstilbodet vårt er ein del av Prosjekt Utvikling av Smarte Helseløysingar (PUSH-prosjektet), som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse i Hardanger og Helse Bergen. Prosjektet er no i ein fase der me oppsummerer erfaringar og resultat av rehabiliteringa, med håp om å kunna vidareføre dette verksame tilbodet neste år. Alle våre rehabiliteringsgrupper for 2022 er fylt opp. Det er førebels ikkje avklart korleis me kan ta dette rehabiliteringstilbodet vidare i 2023. Me tek ikkje imot fleire henvisninger før dette er avklart. Heimesida vil bli oppdatert så snart me veit noko meir om dette.

 

Tilbodet er retta mot deg mellom 18 og ca. 45 år som er plaga med angst og/eller depresjon. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenker gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over ei veke, og oppfølginga strekk seg over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.

 

Måla med tilbodet:

  • betra funksjon i kvardagen
  • auka meistring i kvardagen
  • auka deltaking i sosialt liv
  • auka deltaking i skule/jobb
  • leve betre med helseplagene

Søknad:


Om du synes dette er noko for deg, må du vende deg til fastlegen din eller ein legespesialist. ALLE HENVISNINGER SKAL SENDAST TIL BJØRGVIN DPS OG MERKAST “HELSE I HARDANGER”. Sjekkliste som skal følge henvisningsskrivet vårt ligg her.