Kols

 

Planlagt start hausten 2021.

Tilbodet rettar seg mot deg med kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols). For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenker gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over 4 dager, og oppfølginga strekk seg over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.

Måla med tilbodet:

  • betra funksjon i kvardagen
  • auka fysisk aktivitet
  • betra helse
  • auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
  • betre kontroll på eigen sjukdom
  • optimalisere medisinbruk
  • optimalisere kosthald
  • leve betre med helseplagene

Søknad:
Om du tenker dette er noko for deg, må du vende deg til legespesialist eller fastlegen din. Dei kan søkje om opphald via henvisningskjemaet vårt.